Tresfjord

Tresfjord ligg midt i Møre og Romsdal fylke. Med utgangspunkt herfrå kan du ta dagsturar til byane i fylket, Ålesund, Molde og Kristiansund, eller til kjente turiststader som Geiranger, Trollstigen eller Atlanterhavsvegen. Det er kort veg til flyplassane i Ålesund og Molde og god kommunkasjon til toget på Åndalsnes.

Den verdskjente Ridderosten vert laga i Tresfjord. Det er høve til fiske både i elv og fjord. Du kan få leie privat elvestrekning eller båt til fjordfiske.

Her er og hestesenter og fint turterreng.

Tresfjord Hestesenter

Tresfjord er ei jordbruksbygd med rike kulturtradisjonar. Ei særprega kyrkje frå 1828, bygdemuseum, rike tradisjonar innan musikk og idrett.

Tresfjord kirke