Ridderkroa ligg sentralt i Tresfjord. Her er kafé/restaurant, utleiehytter og motell. I kaféen får du god heimelaga mat. Vi driv og med catering og kan levere mat til alle typer arrangement.
Ridderkroa vart starta opp våren 1980. Gjennom 1980-talet og aller først på 1990-talet var det fleire eigarar. Noverande eigar kjøpte bygninga og tok over drifta i juli 1991.
I 1994 vart det sett opp 4 utleiehytter av høg standard.
I 2009 var det ei stor ombygging av Ridderkroa. Kafé/restaurant vart flytta og det vart plass til 13 store rom til utleie.