Ridderkroa Hytteutleie

Ridderkroa Hytteutleie ligg sentralt i Tresfjord. Hyttene har høg standard. Dei vart brukt under OL på Lillehammer i 1994. Alle hyttene har kjøkken, stove, soverom, dusj og wc. Dei er fullisolerte og kan brukast heile året.
Like ved hyttene er det kafé/restaurant. Daglegvarer, postkontor og bank finn du i kort avstand frå hyttene.
Tresfjord er ei jordbruksbygd med rike kulturtradisjonar. Ei særprega kyrkje frå 1828, bygdemuseum, båtbyggarmuseum, rike tradisjonar innan musikk og idrett. Her er og hestesenter og fint turterreng.
Det er høve til fiske både i elv og fjord. Du kan få leie privat elvestrekning eller båt til fjordfiske.

Tresfjord ligg midt i Møre og Romsdal fylke. Med utgangspunkt herfrå kan du ta dagsturar til byane i fylket (Ålesund, Molde, Kristiansund) eller til andre kjente turiststader som Geiranger, Trollstigen eller Atlanterhavsvegen. Hovudvegen til Austlandet går gjennom bygda. Det er kort veg til flyplassane i Ålesund og Molde og god kommunikasjon til toget på Åndalsnes.